Eg vaks opp på Raknes på Otrøya over fjorden her borte. På gard. Med foreldre som i tillegg hadde tre ungar og fulltidsjobbar. Og mamma sang viser og spelte gitar og plater. Heime. Og når eg viste meg å vere overivrig på melodika frå eg var 5, og på farmor sitt salmeorgel, så kjøpte mamma og pappa piano. OG: det kom ein polakk til Midsund kommune. Som med sin motor har hovuddelen av ansvaret for at ein kan telje utruleg mange musikarar, og musikkinteresserte, frå denne kommunen med 2000 innbyggarar. Han lærte meg at i F-dur er det B ved å true med saga frå sløydsalen, som var attmed, om eg Nokon gong spelte H igjen i F-dur…Han lærte meg Bach og akkordar. Og han sendte meg vidare til lærar i Molde når han meinte han hadde ”lært meg det han kunne”. Han laga felegruppe, blokkfløytegruppe og popvalgfaggrupper. OG han spelte SJØL. Og det fanst ikkje tvil om at han likte å spele! OG det vart jazzklubb i Misundet, dit det kom band invitert gjennom hans nettverk. Der var det eg hadde min første store konsertopplevelse. Eit rumensk orkester spelte på dei raraste instrument – musikk eg aldri hadde høyrt maken til! Eg var 8 år og mamma hadde tatt meg med på jazzklubb på kroa. Noko…delvis ubeskriveleg, skjedde då.
Z. Lech heiter polakken. Han er 70 år i år og fekk Kongens fortjenestemedalje igår. Det har du veldig fortjent, Lech! Takk og gratulerer!
Jazzfestivalen gjorde at Molde for meg vart meir enn horn med ost og skinke og handle-klede-til-jul-og-17.mai. Som 15-åring opplevde eg Manhattan Transfer i Idrettens Hus – der eg før hadde spelt handballkampar. Wow! 4 songarar og stort orkester!:) Eit par år etterpå bar eg utstyr i samme hus for Jan Garbarek Group- til eg hadde kneskjelven og var grøn i trynet; Frivillig. Og eit par år etter der igjen hadde eg begynt på jazzlinja i Trondheim – og gjorde min første konsert her, medan eg framleis óg var frivillig. Sånn kan det gå!
Då forstod eg óg at ein festival for ein musikar kan innehalde intervju med rikspressa- om alt frå torvesjåriving til standardlåtar. Meir oppmerksemd enn ved andre konsertar. Og kanskje nye jobbar, for andre arrangørar er der…Og så få spele meir!:) Det er jo det vi vil vi musikarar,- spele, spele, spele!
Artist in Residence-jobben her den største musikarjobben her på Moldefestivalen; så mange konsertar musikaren kan gape over i løpet av ei veke. God tid på å jobbe mot dette – i tett samarbeid med arrangøren, så innhald og rammevilkår blir ultimate.
Slike gode handlingsrom kan gjerne arrangørar med fordel lage fleire av!
”Hald på med ditt!” sa poeten og gartnaren Olav H. Hauge. Kva ER det dei held på med eigentleg, desse 50-60 som blir uteksaminert som utøvande jazzmusikarar i Norge kvart år no? Øver og turnerer. Underviser. Dei driv faktisk konsertseriar óg, festivalar, studio, er produsent, har eige plateselskap og komponerer som del av si musikalske verksemd. Eit hav av ressurpersonar utan like! Som vil vidare og vidare! Og for å få det til brukast det pr idag for mykje tid på å skrive kortsiktige støttesøknader- for det er det som finnest.
Gi heilårlege, fleirårlege og heilheitlege støtter direkte til musikarane i det frie feltet!
Nokon meiner det blir satsa for mykje på kultur i vårt nyrike land.
Kulturbudsjettet er på i underkant av 6,5 mrd. i 2012. Det er litt meir enn subsidiemotstandaren Hegnar no har fått i støtte til Hurtigruta si. HurtigruteBåtButikken sin.
Giske,no som næringsminister, rår over ca 254 mrd.
Nokre av dei synest eg at du, Giske, kan pakke i sekken saman med Huitfeldt – og Ole Mic Tommesen, Anne Enger-utvalet og fleire med med makt og opne hjerner OG ein flokk oppegåande musikarar i alle genrar og kunstnarar i alle fargar med empiriske spisskompetansar og perspektiv. Ta med Hegnar óg. Diskuterar innhald og eigentleg utviklingspotensial i begrepa kulturnæring, opplevelsesnæring, internasjonalisering og bærekraftig samfunn, – bærekraftig verden!
Spel med opne kort, alle. Vi har SÅ mykje å tjene på det, på SÅ mange vis.
Radka Toneff hadde blitt 60 år i år, om ho fortsatt levde. Ho vart 30.
Mål ho i kroner og ører den som vil. Mål ho som eksport- og omdømmeverdi for Norge, saman med Edvard Munch, Grieg, Ibsen, Jo Strømgren og Sidsel Endresen. Dei er uendeleg mykje meir og lenger verdt enn det som kan setjast to strekar under i løpet av eit evalueringsår, eller si eiga levetid.
Då eg spurte den store kulturskulen dotter mi går på om ei liste over pianolærarane sine ulike kompetansar fordi ho treng eit skifte i innhald, fekk eg til svar: ”Nei, det har vi ikkje. Vi prøvar å AVPERSONIFISERE undervisninga.”… System kan ikkje ertsatte fagleg forskjellige spisskompetansar- eller personleg energi og glød. Det er ikkje det ”likt for alle” skal bety. Det betyr like mogleheiter til personleg utvikling. Mangfold er eit godt mål, og mangfoldet blir sterkare til meir eigenart og personleg uttrykk kvar og ein utviklar og formidlar.
Vi blir til i møte med kvarandre. Kvar og ei historie er unik.
Moldefestivalen hadde ikkje vore Norges største jazzfestival, eller ein festival å rekne med i verda – som den er!- om den ikkje var bygd utfrå kjernen; Invitering av eigenarta og kompetente jazzmusikarar frå verdas øvste hylle. KVINNELEGE og mannlege.
Ifjor gjorde eg mellom anna barne/familiekonsertar her. To 22.juli. Og to 23. Eg skal love dykk at vi i truppen snakka om dei vi bestemte oss for å gjennomføre 23. Og det vart utruleg fint å kunne møte barn den dagen – i jobben min. Barn er så utruleg tilstede i nuet. Vi vaksne har masse å lære og oppleve i møte med barn – óg i våre profesjonar. Små menneske er ikkje uferdige menneske! Dei er opne.
Og unge musikarar er ikkje berre ”framtidas musikarar”. Dei er unge musikarar NO. Alle aldrar har sin eigenart og sin energi- og alle menneske er forskjellige og tek imot og GIR på ulike vis.
Men vi vaksne bestemmer over barn. Vi legg til rette for kva dei får moglegheita til å oppleve, vere med på. Det er eit vesentleg ansvar!
No, for og i framtida.
”Meir respekt, meir openheit, meir demokrati” har vore mantra i landet her siste året. Og MEIR MUSIKK og KUNST, seier eg! Opning innover i oss sjøl og å kunne vere opne i møte med nye opplevingar, nye uttrykk og nye folk; Vi treng det. Vi treng at det byggast gode møte mellom levande, eigenarta, fantastiske musikarar og publikum i alle aldrar.
Moldefestivalen, dagleg leiar Jan Ole Otnes, styret, Molde by og alle dei frivillige har dekka opp til eit velfundert musikkmåltid med forskjellige, gode rettar og inviterer oss alle. Det er opp til oss alle korleis stemninga rundt borda blir. Og det er ikkje LOV å seie at du ikkje likar noko du ikkje har smakt på. DET er LIKT FOR ALLE!
Lykke til – bon apetitt!
Det er ei ære, og ei glede, å erklære Molde Internasjonale Jazzfestival 2012 for OPNA!