Kjære venner av Sjøbygda – og meg!

Det har komme ulike forslag frå folk som er glad i Sjøbygda som vil hjelpe til med at eg skal kunne behalde husa. (Fakkeltog lar vi vere…)

Sjøbygda Kunstnarhus, som det var drifta -med Sjøbygda*AiR, Sjøbygdafestival, AS og styre og alt- er nedlagt. Men husa er foreløpig ikkje solgt. Eg har eit stort næringslån -med kausjon i eigen privatbupel- og treng å slette dette for å kunne å behalde noko. Og så evt. FORTSETJE Å DELE SJØBYGDA MED KUNSTNARAR OG GODE FOLK!
Det er ein vakker tanke!

Ein venn sa: “Eldbjørg, du har 3576 venner på fb. Om alle disse bidrar med kr1000,-, kan du beholde husene da?”

Så la oss prøve det, då – og sjå!!!

Om DU vil støtte Sjøbygda:
Set inn kr 1000,- (eller så mykje du vil) på SJØBYGDAVENN-kontonr.: 97132516042

Om du (eller gruppe/firma/trupp/band/ensemble etc.) veit du vil bruke husa, eller rett og slett uansett vil bidra med større sum, så er det sjølvsagt lov og superdupert; så mykje du vil!

Om begge husa blir solgt får du pengane tilbake.

– Det er for dumt å ikkje prøve dette…???
Ikkje veit eg kor mange venner Sjøbygda og eg eigentleg har!

23.februar er det satt opp visning.
17.februar for 7 år sidan kom eg til Sjøbygda første gong og tok opp det første lånet for å kjøpe dei to fantastiske husa (som heldt på å bli tatt tilbake av naturen).

Om kontoen har nok pengar på seg innan 17.februar,
trekk eg gamle Eggaodden skole -eller begge husa- frå salgsmarknaden før visninga.

-Og så finn vi ein måte å la det gå rundt non-profit på,
så Sjøbygda kan brukast, vere der, delast –
enkelt.

Alt godt,
Eldbjørg 7.feb.2014 fb