one trondheim point of view
Pontus Kyander! Takk for at du var her og gjorde arbeid i 2,5 år! Du har sørga for restuarering eit av Trondheims finaste hus. Kunst av høg kvalitet har fått rom og ny luft å møte menneske i. Du har kuratert og invitert internasjonale utstillingar Trondheim ikkje hatt makan til før! Og bilete frå samlinga har vore i stadig bevegelse – i Bispegata og på Gråmølna.
-Du har invitert oss alle inn i ei større og rikare verd enn som fanst her før du kom. Til utstillingar, opningar, interessante artist talks, opningsfestar, barnedagar og samarbeid med Ny musikk og Dokumentarfestivalen m.fl. Og når ein har vore på TKM har ein merka på energien og stemninga at du har lykkast i å bygge ein entusiastisk og dedikert stab rundt deg og dine vyer!
Og du har vore i offentleg dialog. Du har skrive programord og satt lys på spørsmål og tematikkar vi har godt av. Du har vore kontant, klar og open i svar på alle små og store utspel – frå alt frå Håkon Bleken til det regionale nettmagasinet Art Scene til Tybring Gjedde til direktøren for Giskepåfunnet “samanslåtte Sør-Trønderske museum” og … alle dei andre i dei siste vekers kjølvatn. Gjennom alt har du foreslått faglegheit og saklegheit, rolleklarheit, hevda armlengdes avstand-prinsippet og kunstens og ein kunstinstitusjons ytringsfriheit. Og avslått personfokus.
Du har meingars mot. Det er du ikkje åleine om… Men faktisk er du ganske så åleine om er å tørre vere så klar på kva som er ditt arbeid, ansvar og ambisjonar og samtidig ha verdigrunnlag, ryggrad og rolleforståing nok -og nok mangel på autoritetsangst!- til å vite kvar grensene går for kva ein må vere STILLE om. Og kva som faktisk er meir verdt å vere OPEN om – for oss alle.
Takk i alle regnbogens fargar skal du ha!! Eit helvetes fyrverkeri og litt kanonkrutt burde fyrast av for deg som avskjedssalutt!
Eg, og mange fleire med meg, vil savne deg og ditt dedikerte arbeid her.
Men heldigvis, som du óg ettertrykkeleg har vist;
Trondheim kan faktisk vere ein del av verda, –
alt godt ynskjast deg vidare på ferda!
TAKK!
-we´ll stay in touch-
eldbjørg